top of page
Laviks_ta_Lavik_Foto_H_vard_Nesb__308105605.jpg

Opplev nærområdet

Aktivitetar

Opplev nærområdet

Bruk Wærholmen som ein base for dine opplevingar.

Om du vil nyte Vestlandsro ved sjøen, men samtidig oppleve Bergen by, øyhopping eller  kultur og historie, så er Wærholmen perfekt.

Bergen by.jpg

Dagstur til Bergen

Med ekspressbåt 2,5t

Frå Lavik kai kan du reise med båt til Bergen og oppleve vestlandshovudstaden på ein dag. Båten går frå Lavik kl. 09.20 om morgonen, og returnerer frå Bergen kl. 16.30. Det gir deg heile 4,5 timar i byen, og ein nydeleg reise langs kysten.

IMG_7830.jpg

Øyhopping i Solund

Med postbåten

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Kvernsteinsparken.jpg

Besøk Kvernsteinsparken

I Hyllestad

Her kan du utforske ei av Noregs eldste industrar og sjå korleis kvernsteinar blei hogde heilt sidan 700-talet, frå den unike steinen som berre finst her ytst i Sognefjorden.

Vetlebotn.png

Gåtur til Vetlebotntjørna

Turområde 2,4 kilometer frå Wærholmen

Ikkje langt frå Wærholmen finn du Vetlebotntjørna, eit flott turområde med ein liten innsjø. Turen tar ca 1 time å gå, tur/ retur.

Laviks_ta_Lavik_Foto_H_vard_Nesb__308105605.jpg

Fjelltur til Laviksåta

Turområde 5,5 kilometer frå Wærholmen

Frå det populære turfjellet Laviksåta får du spektakulær utsikt i alle retningar – over Sognefjorden, Sognesjøen og den vestnorske kystlinja heilt ut mot storhavet der Nordsjøen møter Atlanteren.

Lavik fjordhotell-mat.jpg

God mat

Hos Lavik Fjordhotell

Vi anbefaler eit besøk til Lavik Fjordhotell – berre nokre minutt unna. Her kan du nyte god mat, og på fine sommarkveldar kan du nyte maten ute med utsikt over fjorden.

bottom of page