top of page
Wærholm Båtbyggeri 1961..62.jpg

Med historie i veggane

Vår historie

Vår historie

Wærholmen har lange og stolte røtter som handelsstad ved Sognefjorden. Frå midt på 1700-talet var dette eit levande knutepunkt for handel og sjøtrafikk i ytre Sogn. Den fyrste som dreiv handel her, var Gregorius Leisner i 1758. På det meste hadde Wærholmen både krambu, gjestgiveri og skysstasjon, og frå 1858 var staden ein av Fylkesbaatane sine stoppestadar.

​

Gjennom 1800-talet heldt ulike handelsfolk frå Bergen og distriktet handelen i live, og frå 1883 til 1898 var det Christian Hansen frå Vadheim som dreiv staden. Han var son til den kjende handelsmannen og hotelleigaren Sjur Hansen Vadem.

​

Då stoppestaden vart flytta til Lavik på starten av 1900-talet, dabba handelslivet av, og i 1951 brann hovudhuset ned. I dag har vi pusta liv i staden igjen. Vi har restaurert naustet der Lailas far, Agnar, bygde båtar i fleire tiår – og gjort om det gamle båtloftet til ein koseleg feriebolig.

​

bottom of page