top of page
Foto Cecilie Brendehaug Rysjedal

Velkommen til oss

Om oss

Om oss

​Vi ønskjer å dele denne heilt spesielle staden med fleire.

For oss handlar dette ikkje berre om ein plass å sove, men om eit pusterom – eit lite stykke ro ved Sognefjorden der kvardagen slepp taket.

​

Her finn du historie i veggane, frisk luft i lungene og god tid rundt bordet. Vi har lagt til rette for at du skal føle deg heime – anten du kjem for å fiske, utforske fjorden, nyte naturen eller berre roe heilt ned.

Då vi flytta tilbake til Wærholmen, visste vi at her låg det noko unikt. Med utsikt over fjorden og historie i kvar stein, har vi brukt både millionar og mange arbeidstimar på å pusse opp hus, naust og uteområde.

​

Det gamle båtloftet er no gjort om til ei lun og moderne leilegheit. Naustet – der Lailas far bygde båtar i fleire tiår – er restaurert og står klart for nytt liv. Verktøy og tradisjonar frå det gamle båtbyggeriet er framleis på plass, og vi håpar å skape eit levande miljø her igjen.

​

Dette er meir enn ein stad å bu. Det er ein plass å leve – og ein stad å dele.

​

Velkomen til Wærholmen – vi håpar du vil trivast like godt som vi gjer.

Wærholm havn

Den vesle hamna vår ligg godt skjerma til i vågen og har vore i bruk sidan 1700-talet. I dag fungerer ho som ei roleg og trygg gjestehamn for småbåtar og besøkande.

​

Her kan du legge til, fylle vatn, få straum og ta ein pause på brygga. Har du eigen båt og vil ligge over – ta kontakt!

Wærholm Kystlag/ Forbundet kysten

Wærholmen er ein del av Forbundet Kysten, og vi jobbar aktivt med å ta vare på kystkulturen her i området. Kystlaget vårt samlar folk som vil bidra, lære og dele kunnskap om båtar, byggjeskikk og tradisjonshandverk.

​

Vi arrangera kurs, treff og dugnader – og håpar fleire vil bli med og halde liv i det gamle båtbyggeriet. Bli medlem: https://kysten.no/bli-medlem

bottom of page